Участники на портале:
нет
Поиск по
порталу:
    
Metal Library - www.metallibrary.ru Metal Library: всё, что вы хотели знать о тяжёлой музыке!
Вход для
участников:
    
Metal Library:
Группы | Дискографии
Новости RSS/Atom Twitter
Группы
Статьи
Команда
Магазин

Видео уроки по музыке, мануалы к плагинам, бесплатные банки и сэмплы

Группы : Дискографии

MetalCD.ru

Hardingrock: "Grimen" – 2007

энциклопедия: Hardingrock

Состав группы:

  • Knut Buen – скрипка, речь
  • Ihsahn – гитара, программирование, вокал
  • Starofash – клавишные, сэмплы, программирование, вокал

Hardingrock: "Grimen" – 2007

Композиции:

  1. Daudingen
  2. Fanitullen
  3. Faens Marsj
  4. Margit Hjuske
  5. Den Bergtekne
  6. Faen Pa Bordstabelen
  7. Grimen
  8. Fossegrimen
  9. Nykken
  10. Huldreslatten

Лирика

1. Daudingen

Der svik og svartsjuke er som grøde
Som veks av udådar, drap og døde
Der hat og rovlysten ligg på lur
Og valdar livet bak lås og mur

Der lyder slåtten av skrik og pine
Frå spelemannen i blåne-skinet
Om noko lukkast og står til liv
Den aggen atter til vanvet driv.

2. Fanitullen

Der bit og knasar i bein og krafsar
Og kjøtermunnar i blodet slafsar
Av heilt uskuldige, tekne att
Og strupekvelte i ævig natt

Den må seg fredlaus til graven slepa
Som søkjer sæla i det å drepa
Kvar gong ein kvitkledd er kjempa ned
Da finn den svarte i slåtten fred

3. Faens Marsj

Jaga, skulda i ævig eksil
Flykte i øydande, fredlause mil
Dømd av vor herre til inkje ei kvil:
Av vondt er du komen!
Til vondt skal du bli!
Og marsjen skal vara
Så lenge eg vi'!

4. Margit Hjuske

Story spoken by Knut Buen

5. Den Bergtekne

Eg e ikkje bergteken,
Slik ho Margit Hjukse frå Sauherad var

Ho lengtar ut. Eg lengtar inn.
Ho lengtar ut. Eg lengtar inn.

Det e ho som ber sorgji så tronge
For meg fell nettane korte og dagane longe

Aleine eg aldri til kanten tør gå
Ho tok eismal vegjen til bergjet der låg

Hjarta ho drakk tomt
Eg og du kjenner ho vel? Lat oss tøma glaset på det
'Drik utor di, allerkjærasten min!'
'Drik utor di, allerkjærasten min!'

For mykje for meg, for lite for deg
For lite, for mykje, og stundom akkurat nok
Ho kvilar hos kvitskjeggen i bergjet det blå
Med du og eg veggen til endes må trå

6. Faen Pa Bordstabelen

Det fins ein frakte-fabel
Om hjelpa frå den vonde
Det gjeld ein planestabel
Ein køyre-hest og bonde

Med øyk og lass det hende
Det saug seg fast i søla
Og bonden svor og skjennde
Om ein som ikkje nøla

'Tru faen kom og henta
kvart jækla, stabla bord!'
Og den som ikkje venta
Var han som bonden svor

For stabelen han feste
Eit tospann, svart som natta
Og med det heile reiste
Så fort som ingen fatta

7. Grimen

Spoken story by Knut Buen

8. Fossegrimen

Eg er ein som ingen kjenner
Aldri lik frå stund til stund
Eins med fossen stødt eg renner
Utfor stup og ned i grunn

Eg er ein du berre anar
Som eit spel i veldig sus
Ein som myrkje sjeler manar
Inn til seg i grime-rus

Eg gjer alle meir åleine
Lik ein ven du aldri vinn
For om meg kan ingen meine
At dei fram til hjarta finn

Eg er tru i den som tvilar
Eg er tvilen i kvar tru
Eg er fredløysa som filar
Otten under band og bru

9. Nykken

(инструментал)

10. Huldreslatten

Fisk i Grøndal beit ikkje på
Til øyde seter han Nils laut gå
Og sengja seg innom stokke-nov
Med regnet tromma så godt han sov

Men brått han vakna og var i lag
Med folk og kretur i solljos dag
Det lydde bjøllur, lokk og raut
Og anga stulstell og lukt av naut

Ei ven budeie med mjølking stulla
Og ein vidunderleg slått ho tulla
Når inn i bue ho byttar bar
Og sila mjølka i kjel og kar

Det rokk og varde til Nils fekk sjå
At det var huldra han lydde på
Med slått i minnet, åleine att
Han som ein annan tok livet fatt

© 2000-2024 Ghostman & Meneldor. Все права защищены. Обратная связь... Использование материалов разрешено только со ссылкой на сайт.